Enslaved

Større Enn Tid - Tyngre Enn Natt Songtext / Lyric


Enslaved - Større Enn Tid - Tyngre Enn Natt Songtext


Hanen fall om på tunet

Før han rakk gala

-Men eg kjende tida



Hesten hang i slitte taumar

Med utakk piska inn i augo

-Men eg makta å trekke plogen



Bonden la seg til marka

Grødelaus og ufri

-Men eg rydda nye hov






Vekstane visna, evige lovnadar brast

Fargane falma, hjarta fraus fast

Støyen stilna, men sigeren var tatt

Større enn tid, tyngre enn natt!



Fjella fall, og skogen brann



Tida teia, vatn vart sand

Sola slokna, men deg hadde eg att

Større enn tid, tyngre enn natt!



Lyset tok slutt, og stjernene slokna;

Før fylgjet nådde fram til gards

-Men eg hussa vegen



Skipa sank med krigar og skald;

I botnlaus avgrunn lagt til kvile

-Men eg råka nye ukjende strender



Gudane vart alle brått gamle

Då dei gyldne veggane fall

-Men eg gav dei ny kraft

Dieser Songtext wurde von www.Deine-Songtexte.com heruntergeladen :)

"Større Enn Tid - Tyngre Enn Natt" Video ansehen

Was denkst du über "Større Enn Tid - Tyngre Enn Natt"?